Jente (15) er alvorleg skadd etter skiulykke i Røldal

Politiet seier den skadde jenta vart funnen i eit snødekt bekkefar. Oversiktsbildet frå området er tatt av politiet.

Politiet seier den skadde jenta vart funnen i eit snødekt bekkefar. Oversiktsbildet frå området er tatt av politiet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Røldal: Ei 15 år gamal jente vart frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus etter ei alvorleg skiulykke laurdag ettermiddag.

Siste: Klokka 18.15 la Haukeland sjukehus ut melding om at jenta er alvorleg skadd.

Ulykka skal ha skjedd utanfor løypa til Røldal Skisenter.

Ei alvorleg skiulykke, pasienten, ei ung jente, hamna i elv/snøtunnel, ho vert flydd til Haukeland sjukehus, melde politiet på Twitter klokka 14.16.

I den første meldinga frå politiet vart det sagt at skiløparen var medvitslaus. 

- Vi veit foreløpig ikkje meir om tilstanden hennar, opplyser Eivind Hellesund, operasjonsleder i Vest politidistrikt til NRK.

- Det er ikkje ei elv og eg vil heller ikkje kalla det ein bekk, men eit myrliknande våtområde som ligg utanfor ein av nedfartane, opplyser dagleg leiar ved Røldal Skisenter, Oddvar Bratteteig, til HF.

Han håpar det går bra med den unge jenta.  

Ifølgje operasjonsleiar Eivind Hellesund var det personar i skiheisen som oppdaga jenta, og fekk varsla skipatruljen.

- Helsepersonell jobbar med ho i ein ambulanse på staden, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund til HF klokka 14. 

Ulykka vart meld til politiet klokka 13.11.  Alle naudetatar rykte ut.

Fredag utløyste to skiløparar eit Snøras i Røldal

Artikkeltags