Ulykke på motocrossbane

DEL

Det er meldt om ei ulykke på motocrossbanen på Svartveit utanfor Utne i Ullensvang kommune.

Det var Vest politidistrikt som melde om ulykka på Twitter like over klokka 18.00 onsdag kveld.

Naudetatane er på veg til staden.

Stine Mjelde ved operasjonssentralen seier til HF at naudetatane ikkje er kome fram til staden klokka 18.29.

- Alle naudetatar er på veg. Det er snakk om ein kollisjon i forbindelse med trening på motocrossbanen. Det var fleire køyretøy på banen samstundes. Éin person har kome til skade, personen er mindreårig. Per no er det uvisst skadeomfang, men personen skal vere bevisst, seier Mjelde.

Vest politidistrikt melder på Twitter klokka 19.17 at ein mindreårig gut er frakta bort frå staden med luftambulanse.

- Politiet gjennomfører undersøkingar på staden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken