Ulykke i Folgefonntunnelen

Alle naudetatar rykke ut til ulykka i Folgefonntunnelen.

Alle naudetatar rykke ut til ulykka i Folgefonntunnelen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein bil har køyrt i tunnelveggen.

DEL

- Ein person i bilen. Ingen skal vera fastklemt, melder Vest politidistrikt.

Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen i Hordaland seier dei fekk melding litt før klokka to om at det var løyst ut eit brannsløkkingsapparat i tunnelen.

- Det viste seg at det var bilen som hadde løyst ut dette då den køyrde i tunnelveggen, seier han.

Brannvesenet sendte bilar frå Odda, men fekk etter ei lita stund beskjed om at det ikkje var behov for dei på staden.

Kvinnheringen skriv at  den mannlege føraren i 50-åra var åleine i bilen, og var bevisst etter ulukka. Han blei tatt hand om av helsepersonale på staden.

Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken