– Alle sambygdingar er hjartleg velkomne, og dei som har norsk som morsmål

På ei tavle på kjøkkenet har gjester lagt att helsingar på mange ulike språk.

På ei tavle på kjøkkenet har gjester lagt att helsingar på mange ulike språk. Foto:

Morsmål har fått ein eigen internasjonal dag; 21. februar. Poesibygda Ulvik vil vera med å fremja språkleg og kulturelt mangfald som er føremålet med denne dagen.

DEL

Olav H. Hauge-senteret inviterer difor til «Lyrisk feiring av språkmangfaldet i Ulvik».

Dette gjer dei med å lesa og samtala om dikt på mange språk.

Morsmåldagen vart innstifta i 2000, med mål om å fremja og auka forståing for språkleg og kulturelt mangfald.

Formidlar Ragnhild Nabben ved Hauge-senteret, seier i ei pressemelding at Ulvik er så heldig å ha innbyggjarar frå mange delar av verda, og difor eit stort språkmangfald.

– På morsmålsdagen inviterer vi alle som har flytta til Ulvik frå andre deler av verda til å presentera poesi frå heimlandet sitt, eller dikt dei har skrive sjølve, seier ho.

Feiringa, som er eit samarbeid mellom Hauge-senteret, Ulvik folkebibliotek og introduksjonsprgrammet for flyktningar på Hjeltnes vidaregåande skule, vert avslutta med språkkafé.

– Alle sambygdingar er hjartleg velkomne, og dei som har norsk som morsmål, inviterer Nabben.

Artikkeltags