Poesifestival selde billettar for 610.000 kroner

Over 4.700 gjestar opplevde 35 ulike arrangement på ulike stader i Ulvik under Ulvik poesifestival i helga.

DEL

– Årets festival har igjen stadfesta at Hauge-senteret og Ulvik poesifestival er ein viktig formidlar og møteplass for lyrikk i mange former. Vi har eit interessert publikum, både kortreist og langreist, som veit å setje pris på god poesi. Både forfattarar og utøvarar er begeistra over det unike publikummet vi har her i Ulvik, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret i pressemeldinga.

Tala hittil syner at Ulvik poesifestival selde billettar for 610.000 kroner, noko som er 11 prosent over billettinntektene frå førre festival i 2016. Ein hadde budsjettert med 4.000 besøkande, og med eit besøk på nærare 12 prosent over budsjett er arrangøren svært nøgd med oppslutninga rundt årets festival.

Ulvik poesifestival i Hardanger er ei feiring annakvart år av Olav H. Hauges forfattarskap og mangfaldet av nasjonal og internasjonal poesi.

I 2020 blir Ulvik poesifestival arrangert 11.–13 september.

Artikkeltags