Gå til sidens hovedinnhold

Ulvik innfører besøksforbod i eigen heim

Det er tysdag ettermiddag stadfesta at minst fem av smittetilfella i Ulvik er av det muterte viruset. Tysdag er det meldt om 18 nye koronasmitta i kommunen.

SISTE: Kommunen melder på sine heimesider at det er stadfesta 18 nye smittetilfelle i Ulvik. Det er tysdag ettermiddag stadfesta at så langt er fem av dei ti positive prøvane som var sendt til Haukeland mutert virus.

– Folkehelseinstituttet stadfestar no til oss at det er den britiske mutasjonen som er årsaka til vårt utbrudd, seier ordfører Hans Petter Thorbjørnsen i Ulvik til Bergens Tidende.

Ulvik kommune har vedteke ei ny lokal smittevernsforskrift.

- Det er ikkje tillate med besøk i eigen heim, skriv ordførar Hans Petter Thorbjørnsen i ei pressemelding.

Det er berre matbutikken som kan halde ope i kommunen, og det skal vera avgrensa tal kundar i butikken. Dei må sørge for at det ikkje er fleir til stades i lokalet enn at det kan haldast to meters avstand.

I tillegg skal det, om det er naudsynt, vera vakthald som syter for at kravet vert følgt.

- Me er litt over 1000 innbyggarar, og 200 er allereie i karantene. Det er viktig at me dei neste vekene arbeider for å få ei oversikt, seier Thorbjørnsen til VG.

Både serverings- og skjenkestader må halda strengt. Take-away er tillate. Det er heller ikkje tillate med besøk på omsorgstunet.

Denne lokale forskrifta trer i kraft i dag, 2. februar, og gjeld fram til 7. februar.

Det kom i dag, 2. februar, svar frå Mikrobiologisk avdeling på Haukeland sjukehus som tyder på at det er den muterte britiske virusversjonen som er i Ulvik. Denne er meir smittsam enn den vanlege varianten av Covid-19.

- Med utgangspunkt i dette, vil me innføra VENTEKARANTENE for husstandsmedlemar. Hustandsmedlemar til barn/vaksne som er i karantene og skal testast er satt i ventekarantene. Dette betyr at heile hustanden er i karantene til negativt prøvesvar på barn/vaksen føreligg, skriv ordføraren i pressemledinga.

Eidfjord kommune bidreg no mellom anna til å gjennomføra smitteprøvetaking av ein del av dei som no er i karantene i Ulvik, opplyser Eidfjord kommune på sine heimesider.

Les også

Fleire kommunar i Hardanger i møte om «mutert»-situasjonen

Kommentarer til denne saken