Bilulukke ved Lyngstranda

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

DEL

(Kvinnheringen) Rundt klokka 12.10 torsdag meldte Vest politidistrikt om ei trafikkulukke ved Lyngstranda i nærleiken av Årsnes, der éin bil var involvert. Naudetatane rykte ut til staden.

Føraren, ein mann i 60-åra, var åleine i bilen. Han skal ha køyrt utfor vegen og så krasja i ein bergnabb, fortel vakthavande ved politiet sin operasjonssentral. Vedkommande framstod som uskadd etter ulukka, men bilen fekk større skadar i fronten.

Politiet dirigerte trafikken manuelt på staden.

Artikkeltags