Von om hall i 2014

Udmund Sandstå, Solfrid Borge, Marit Gursli og Terje Bråvoll er klar for å setja i gang med fleirbrukshallen.

Udmund Sandstå, Solfrid Borge, Marit Gursli og Terje Bråvoll er klar for å setja i gang med fleirbrukshallen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Startskotet har gått. Politikarane i Ullensvang løyvde i budsjettmøtet før jul 1,2 millionar til hallen, og gav dermed eit positivt og ynskt signal til dei private initiativtakarane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Då politikarane i Ullensvang før jul løyvde 1,2 millionar til fleirbrukshall på 2012-budsejettet, fekk hall-entusiastane det signalet dei ynskte.

Heradet stettar planane og dermed kan dei no søkje midlar hjå andre også. Vegen mot fullfinansiering har starta.

- No skal me reindyrke teikningane saman med lag og organisasjonar, slik at dei ulike ynskjer om fascilitetar vert mest mogleg skreddarsydd til brukarane, seier Bråvoll.

Mange innspel

Interessegruppa har fått mange innspel i prosessen så langt, og får stadfesta både at det er trong for hallen og at den vil få ein allsidig bruk.

I tillegg til idrett og fysiske aktivitetar for store og små, tenkjer ein seg til dømes kulturskulen inn i hallen. Fleire lag og organisasjoner vil og gjerne ha en plass her.

- Slik vert det ein fleirbrukshall som og kan reknast som eit kulturhus, meiner Bråvoll som er optimistisk med omsyn til framdrifta.

26 millionar

Interessegruppa er sett saman av småbarnforeldre og idrettsinteresserte med brei fagleg bakgrunn: alt frå økonomi, teikning, ulike handverksfag og entreprenørar.

Prosjekt fleirbrukshall i Kinsarvik er i utgangspunktet kostnadsrekna til snaue 26 millionar. Startkapitalen frå heradet på 1,2 millionar er eit godt signal å ha med når midlar skal hentast inn frå andre kjelder.

Hall-entusiastane bad ikkje om eksakt beløp då dei søkte heradet om økonomisk løyving til prosjektet. Dei er fullt klare over at Ullensvang-politikarane står overfor store økonomiske utfordringar frametter. Om dei vil legge inn fleire løyvingar når økonomiplanen for 2013-15 skal handsamast i mars, er uvisst.

- Hordaland fylkeskommune har sagt dei vil prioritera fleirbrukshall i Kinsarvik i forhold til konsesjonskraftmidlar. Det skal me søkja om no.

Terje Bråvoll og co er klare til ny dugnad for å få på plass ein etterlengta arena i Kinsarvik for idrett og aktivitetar for unge og gamle.

Artikkeltags