Arrangerer aktivitetsfest

Foto: Privat

Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel

På fredag skipar bygdelaget Vikebygdkrinsen til aktivitetsfest på Skotamyra med aktivitetstilbod for alle aldrar.

DEL

Både bruskasseklatring, sumobryting, motorcross, og hinderløyper står på programmet, men og mykje anna moro

– Musikk vert det og. Med heilt nytt repertoar stiller bandet «Fjordens Monkeys» i år som i fjor. Det er elevar frå Hauso skule/Ullensvang kulturskule leia av Tore Bergum, fortel Kåre Grønsnes i Vikebygdkrinsen.

Dei har arrangert aktivitetsdag i fleire år.

Nytt i år er mellom anna boblefotball. Den nye løpebanen med kunstdekke skal òg opnast.

Vikebygskrinsen har òg på gang eit arbeid for å utvikla idrettsplassen til noko meir enn eit fotballbane.

– I 2015 vart det opna ein flott, innhaldsrik leikeplass. No i 2017 er det tilrettelagt for friidrettsaktivitetar. Arbeidet med ein stor binge for ballaktivitetar, frå badminton til fotball og korgball, er på gang, fortel Grønsnes.

Vikebygdkrinsen samarbeider med IL Solnut og Ungdomsrådet i Ullensvang med den praktisk gjennomføringa. Aktivitetane er gratis for deltakarane fordi aktivitetsfesten er sponsa av Sparebanken Vest og Ullensvang herad.

Artikkeltags