Dørane er opne til den delen av bygget som huser toaletta.

Der er det og eit rom med utsikt slik at ein kan fylgja med når ferja kjem og på trafikken i Utne sentrum.

Med periodevis lange køar og fleire timar venting utan offentleg toalett tilgjengeleg, har det vore store utfordringar for både private og verksemder på Utne i lange tider - før eit mobilt «festivaltoalett» kom på plass.

Prosjektleiar Terje Dagestad i Statens vegvesen fortel at det førebels ikkje er teke stilling til på kva måte lokala i sørenden skal leigast ut.