Tårevått farvel med skulen

Caroline Sørensen og Trond Utne er klar for flytting. - Både litt trist og litt spennande, meiner dei.

Caroline Sørensen og Trond Utne er klar for flytting. - Både litt trist og litt spennande, meiner dei. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Det er både litt trist og litt spennande, meiner Trond (snart 11) og Caroline (13).

DEL

Til hausten skal elevane frå tidlegare Vines skule undervisast på Hauso skule.

Klatretaua heng framleis i gymnastikksalen på Vines skule og vinglar att og fram etter at elevane har klatra opp og ned for siste gong.

Rektor Audny Teigland gjer unna siste rest av flyttinga og trekk samstundes inn taua for siste gong. Dei har hatt si tid. Skulen har hatt si tid.

No er det berre å sjå framover. Utanfor skulen står ein bil med tilhengjar frå Ullensvang herad klar. Stolar og skuleutstyr er lessa inn.

- Kjenner dei fleste

– Det er både litt trist og litt spennande, seier Trond Utne og får støtte av Caroline Sørensen.

Ho er tretten år og skulle uansett slutte på Vines.

– Me kjenner dei fleste på Hauso, fortel dei og meiner det skal bli artig å få nye og fleire skulekameratar. Men dei to tykkjer likevel det er noko vemodig å spasera ut av skuleporten for siste gong.

Politikarane ofra skulen

Samanslåinga av dei to skulane Vines og Hauso var i haust oppe i heradsstyret som eiga sak, og grunngjevinga var at tal elevar var for lågt på Vines. Rektor

Teigland skulle gå av med pensjon etter skuleåret og skulle Vines oppretthaldast, måtte ein søkje etter og tilsetja ny rektor.

I tillegg var det eit ynskje om å auke elevatalet på Hauso. Vines skule vart difor som forventa ofra då politikarane i Ullensvang skulle vedta ny skulestruktur for vestsida av heradet i fjor.

Høgre og Ap gjekk i kompaniskap om eit framlegg om å behalda Vikebygd som i dag, la Vineskrinsen leggjast til Hauso og ruste opp skulen der for 35-40 millionar.

Forslaget vart vedteke. Det nye heradsstyret (som vart til etter valet) ville også vurdera saka, men det vart ikkje nokon snuoperasjon frå dei nyvalde politikarane.

På flyttefot

Før flyttelasset skal transporterast frå Vines til Hauso får HF ei eksklusiv oppvising av elevane. Dei grip tak i instrumenta. Trond har trommestikkane klar. Caroline spelar gitar. Elevane strålar. Ei vakker avslutning på skuleåret med flott song og musikk.

Litt seinare på dagen er elevane komne fram til Hauso. Der ventar dei nye venene deira. Med ein stor plakat ynskjer Vines-elevane velkomne til ny skule.

Brått vert kjenslene for vanskeleg å halde att.

Fleire bryt ut i gråt. Men det går fort over og saman med elevane på Hauso skrid dei til verks med å bæra stolar og utstyr opp vegen til skulen.

Vines er nedlagt, men no har elevane fått ein ny skule. I mellomtida er dei glad for at det sommarferie.

Artikkeltags