Ferie på fjorden

Her: Sykkelen viser turistane kor dei finn fram til Therese Bakke.

Her: Sykkelen viser turistane kor dei finn fram til Therese Bakke. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

På austsida av Sørfjorden kan ein padla kajakk eller ta seg ein sykkeltur i sommar. Tilbodet om lån av utstyr er nytt denne sesongen.

DEL

Sjå etter ein svartlakkert damesykkel, med blomar i korg på styret, tre kilometer frå Lofthus, sju frå Kinsarvik. Då har du funne nedkøyringa til Gråten.

Heilt nede ved fjorden bur Therese Bakke og familien hennar. Ho er utdanna sjukepleiar og Svein Erik Bakke er kaptein på ein fiskebåt. Paret har to små gutar. Då det vart vanskeleg å kombinera turnusjobbing i Odda med familieliv og ein mann på sjøen i fleire veker i strekk, byrja Therese å vurdera alternativa ho hadde.

Småbruket er ei perle, med velhaldne kvite bygningar på rekkje langs kaikanten. Ein gamal handelsplass frå 1880. Her er fleire bygningar. I den eine, Drengastova, tilbyr familien turistar å overnatta.

Eg er stolt over området vårt, og vil gjerne visa turistane det beste staden har å by på, både langs fjorden og på fjellet, både naturen og kulturen.

Therese bakke

Nektar kajakk til uerfarne

Therese er glad i ein aktiv ferie og bestemte seg for å by turistane noko meir enn ei seng å sova i.

– På fly er det ikkje lett å ta med seg kajakk eller sykkel, difor har eg kjøpt inn seks kajakkar og seks syklar. To av dei med barnesete og ein av dei med veslebrorsykkel. Mange har erfaring og greier seg utan guide på fjorden, seier Therese.

Gjennom enkeltmannsføretaket HardangerfjordActive kan kundar førehandstinga utstyret. Lån av kajakkar er på eige ansvar. Mange har våttkort å visa fram, men ikkje alle land opererer med det same kompetansekortet.

– Eg merkar fort om dei er uerfarne, då nektar eg dei å låna kajakk og tilbyr i staden syklar, seier Therese.

Stolt over området

Til neste sommar kan det henda ho tek med seg nybyrjarar ut på fjorden, men denne sesongen er det berre erfarne som får låna.

– Eg er stolt over området vårt, og vil gjerne visa turistane det beste staden har å by på, både langs fjorden og på fjellet, både naturen og kulturen, seier Therese.

Ho er open for å leiga ut kajakkar og syklar i fleire dagar, og oppmodar leigetakarane til å ta med telt eller kombinera ein padletur med ei hotellovernatting, til dømes i Eidfjord.

– Eg tilrådde nettopp nokre å besøkja Hardanger folkemuseum på Utne, dei syntest det var heilt fantastisk.

Artikkeltags