Trafikkulukke på Jåstad

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 07.35 onsdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Jåstad i Ullensvang. Ein bil skal ha køyrd inn i autovernet.

Sjåføren var aleine i bilen, og skal ha vore prega av sjokk og hatt smerter i nakken.

«Ingen airbag utløst. Ikke meldt om brann eller lekkasje på stede», melder politiet på Twitter.

Trafikken kan passera på staden.  Både politi og ambulanse rykte ut, og personen var ved 8.30-tida på veg til sjukehus.

Vest politidistrikt melder vidare at det skal vera glatt på vegen.

Ein time etter ulukka skjedde, er bilen flytta ut på sida, og trafikken går som normalt. Politiet vil oppretta sak.

Tips Oss
TIPS: Send e-post , SMS/MMS: kodeord TIPSHAF + tekst/bilde til 2470, Telefon: 53 65 06 00

Artikkeltags