Dei syner generell nedgang på det som inntil nyleg var eit trekantsambandet mellom Kvanndal, Utne og Kinsarvik.
Før trekantsambandet vart nedlagt, var det og stabil trafikk mellom Kinsarvik og Utne. Avgangane er no færre, inkludert kveldsrutene.
Les og: – Den nye ferja uroar
Me ha sett litt nærare på oktobertala for Kvanndal-Utne-Kvanndal i oktober 2015 og 2014.
I fjor på denne tida gjekk Hardingen mellom Utne og Kvanndal, medan Jondal trafikkerte heile sambandet. I år har Jondal gått mellom Utne og Kinsarvik.
Dei som tek ferje frå Kinsarvik til Utne for å ta ferje vidare til Kvanndal, må no rekna ventetid. Det er ikkje lagt opp til god korrespondanse mellom dei no to separate sambanda.
Utne-Kvanndal:
Biltrafikken på strekka Utne-Kvanndal (2014-tal i parentes), syner 57 (34) trailerar med lengde 22 meter og 80 trailerar (59) på 19 meter.
Total biltrafikk på 3494 (3555) gir ein nedgang på 1,7 %, medan personbileiningar vert 7028 (6639). Dette gir ei auke på 5,9 prosent,
Passasjertala syner 6122 (6386), ei nedgang på 4,1 prosent.
Kvanndal-Utne:
Biltrafikk på strekka Kvanndal – Utne i oktober 2015 (2014-tal i parentes) syner 32 (39) trailerar på 22 meter, 99 (65) på 19 meter.
Personbilar: 3502 (3544) – gir nedgang på 1,2 %.
Rekna om til personbileiningar 7015 (6763), gir det ei auke på 3,7 prosent.
Passasjertal på 6459 (6346), gir ei auke på 1,8 %.
Summert
Ser ein på tala for Kvanndal-Utne isolert, syner dei stabile tilhøve–og trafikkauke.
Les og: – Ferja er limet i heradet
Statistikken frå Norled syner samla tal for sambandet som no er delt i to separate ruter. Totalt er det nedgang på 3,8 prosent for biltrafikk, 0,4 prosent om ein reknar personbileiningar, og 12,1 prosent nedgang på passasjertal samanlikna med 2014.
Samla er det nedgang på 54,2 prosent i biltrafikk på det som ein gong var samband mellom Kinsarvik og Kvanndal, og 55,4 prosent nedgang motsett veg. Passasjerane som reiste frå Kinsarvik til Kvanndal har gått ned med 44,6 prosent, motsett veg heile 86,6 prosent, samla sett.