Det seier Erik Nesheim, eigar av Hardanger Skog, eit tømmertransportfirma med adresse Alsåker, som ligg langst fv. 550 mellom Utne og Herand.
Han viser til trafikktala for oktober, som i sum syner sterk nedgang på Kvanndal – Utne – Kinsarvik. Sambandet er ikkje lenger samband, men to separate ruter og dårleg korrespondanse frå midtpunktet Utne.
Les og: Stabil trafikk over fjorden
Nesheim konstaterer trafikkauke i oktober på strekka Utne og Kvanndal, begge vegar, også etter at trekantsambandet vart lagt ned frå oktober. Og det var mykje stenging grunna vegarbeid i Lussandberget.
– Det skuldast nok tilfelle. Små nyansar i trafikken gir store utslag i prosent – opp eller ned. Det er marginale tilhøve her. Du ser det og på oktobertala for Hardangerbrua. Der vart det auke då trekantsambandet vart teke vekk – og for fyrste gong omtrent i tråd med prognosane ein la for å få eit ja til brubygging.
Uroa
– Den nye ferja uroar. Alle lastebilar og trailerar som står stille og må venta på neste avgang kostar fort både ein og to tusenlappar. Me brukar ferja fleire gonger i veka, seier Nesheim som har fire trailerar i drift, både på 19 og 22 meter, og åtte tilsette - fleire busett lokalt.
Les og: MF Utne er ute av drift
MF Utne tek maksimalt 4 trailerar/40 personbileiningar og 199 passasjerar. (4 bussar vil raskt fylla passasjertalet).
– Det er trailerane som er mest sårbare i ferjekøen. Om det er mange småbilar før deg, vil dei kunne ta opp lastebilplass, til liks med ein høg personbil. MF Utne er for liten, seier Nesheim som ofte talde både fem og fleire trailerar på MF Hardingen på ettermiddagsavgangane.
Spesielt peikar han på at det i helger, høgtider og sommarsesong er auka trafikk.
Les og: Skal døpe den nye ferja
– Færre avgangar og siste avgang tidlegare enn før, gjer at det både vert lenger ventetid og at ein køyrer eit lass mindre for å vera sikker på å rekka heim. Me tapar nokre tusen kvar veke, det vert mykje til slutt, seier han.
– Er du uroa for arbeidsplassar?
– Døra slamrast ikkje att med omlegginga, men me er sårbare – og vert mindre effektive. Me ønsker jo å framleis kunne bu og driva næring her- og ha det slik at neste generasjon, og andre, vil busetta seg her.
Tenk konsekvens
Samfunnet må tenka på konsekvensane av slike vedtak. Me på vestsida i Ullensvang og nord på strekka, er heilt avhengige av ferja. Ikkje gjer det vanskelegare for oss! ber han.
For Hardanger Skog er det ikkje andre ruter å nytta. Frå Alsåker til Herand er det berre 8,2 tonn akseltrykk og maks lengde på bil 12,40 meter, medan vegen mot vest og Utne er oppgradert til 10 tonn, 19,5 meter og totalvekt 50 tonn.
Les og: – Ferja er limet i heradet
– Har du tru på at vedtaket vert reversert?
– Ein må jo ha trua, men me kjempar mot sterke krefter. Ordførar Borge har gjort ein god jobb, men det er fylkespolitikarane som har styrt dette, og dei sit langt vekke. Det synest som det er liten forståing for korleis landskapet ser ut her inne. Avgjerda var kan hende teken på grunnlag av statistikk, men konsekvensane råkar oss hardt. Ei lita avgjerd i Bergen får store følger for oss.
– Om dei hadde sett på sambandet Utne - Kvanndal separat, er det ikkje sikkert me skulle hatt så lita ferje, seier Nesheim som kastar fram spørsmålet om ein må tilbake til den gong det var høve til å førehandstinga plass på ferja.
Anna transport
Nesheim trur det kan verta ein vond spiral også for andre transportselskap - og for næringslivet - ikkje minst det langs fv 550.
– Trafikkgrunnlaget er der, men med redusert ferjetilbod og dei signal som vert gitt, er det ikkje anna å venta enn at trafikken går ned, seier han.