Frå 17. oktober kl. 00.00 og fram til 5. november kl. 16.00 vert riksveg 13 forbi Deildo heilt stengd. Lokalt vert det sett inn båt for buss mellom Lofthus og Børve. Årsaka til stenginga er at det må skytast ned høgthengjande fjell i samband med rassikringa i området.

– Medan vegen er stengd, vert det sett inn båt for buss forbi Deildo. Båten har rutetider som følgjer bussruta i området, pluss nokre ekstra turar utanom, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

I tillegg får og ferjesambandet Kinsarvik-Utne fleire avgangar morgon og ettermiddag. Dette er noko både Statens vegvesen og Ullensvang herad har arbeidd med for å få til.

–Statens vegvesen har leigd inn MS Rygerfjord, som har kapasitet til 100 passasjerar. Turen vil ta kring 10 minutt, slik at det ikkje vert forseinking i busstidene som følgje av båttransporten, opplyser prosjektleiar Terje Dagestad.