Fellesnemnd er klar i Ullensvang

Med: Hildegunn Espe er valt inn i nemnd frå Ullensvang.

Med: Hildegunn Espe er valt inn i nemnd frå Ullensvang. (Foto: )

Ullensvang heradsstyre vedtok denne veka kven som skal sitja i førebels fellesnemnd for nye Ullensvang kommune.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Hardanger Folkeblad i ein heil månad for BERRE 1 kr!

Dei seks faste representantane i nemnda vert Solfrid Borge (Sp), Kåre Grønsnes (SV), Olav Hus (Sp), Hildegunn Espe (Sp), Amund Velure (Ap) og Terje Bleie (H).

Vararepresentantar for dei fem første vert Ingvild Hauso (Sp), Håkon Kvammen (KrF), Inger Marie Himle (SV), Jørund Kvestad (Sp), Isak Reisæter (Sp), Siv Haukelidsæter (SV) og Gunnhild Jaastad (Sp). Som vara for Terje Bleie (H) vart Eli J. Hope (H), Petter S. Ulriksen (V) og Bodil Nakkerud (V) valt. Før valet vart det sett fram krav om forholdstalsval.

Ei fellesnemnd kan ikkje opprettast formelt før etter at Stortinget har gjort vedtak om kommunesamanslåing og Fylkesmannen har kalla inn til felles kommunestyremøte.

Den førebelse fellesnemnda skal difor sikra politisk koordinering i dei tre kommunane fram til ei fellesnemnd er operativ. Den skal sikra politisk koordinering av saker som gjeld kommunesamanslåinga, kommunale tenester, organisering og struktur og arbeida med relevante saker som har tyding for prosessen for å skapa den nye kommunen.

Les også: Skal bygga ny kommune

Mandat for fellesnemnda vert vedteke når ho formelt vert skipa. Rådmennene i kommunane er sekretariat i nemnda.

Artikkeltags