Politiet tok imot tjuv på ferjekai

Butikken i Grimo fekk ein ubuden gjest etter stengetid laurdag ettermiddag. Mannen vart teken med eit større pengebeløp av politiet i Kvam. Foto: Stein Hauge Aarekol

Butikken i Grimo fekk ein ubuden gjest etter stengetid laurdag ettermiddag. Mannen vart teken med eit større pengebeløp av politiet i Kvam. Foto: Stein Hauge Aarekol

Artikkelen er over 2 år gammel

Vitne noterte opplysningar om bilen til ein mann som køyrde frå butikken i Grimo ved 17-tida laurdag.

DEL

Mannen hadde tatt seg inn i daglegvareforretninga og fått med seg ein større pengesum.

Alarmen i butikken vart utløyst under tjuveriet.

Politiet varsla ferjemannskap i alle retningar, og takk vera vakne ferjefolk, kunne ein politipatrulje stå på ferjekaien i Tørvikbygd og ta imot mannen då han kom over frå Jondal klokka 19.28, dryge to timar etter tjuveriet.

Politiet fann då ein større pengesum på mannen, og tok vedkomande med til avhøyr på politihuset i Norheimsund.

Det var NRK Hordaland som først melde om butikktjuveriet.

Politibetjent ved Hardanger lensmannsdistrikt, Hanne Skibenes kan fortelja at det dreidde seg om ein sum på kring 12.000 kroner.

- Han kan ha tatt pengar frå andre òg, men frå oss forsvann det 10.500 kroner, seier kjøpmannen i Grimo.

Butikkeigar Stein Hauge Aarekol hadde nyleg installert overvakingskamera i butikken. Dette kameraet fanga opp mannen.

- Dette er tredje gongen me har innbrot sidan eg begynte med butikken for sju år sidan, seier Hauge Aarekol.

Han er nøgd med politiarbeidet.

- Politiet har vore raskt på pletten kvar gong me har hatt innbrot, seier han.

Artikkeltags