Eirik Ulltang har vore Noregsmeister fleire gonger og vunne Noregscupen tre gonger. Til helga kjem han til Skotamyra med sykkelshow

Eirik Ulltang kjem til Skotamyra til helga.

Eirik Ulltang kjem til Skotamyra til helga. Foto:

Av

Fredag 7. juni skipar bygdelaget "Vikebygdkrinsen" til fest på Skotamyra - aktivitetsfest for leikande menneske i alle aldrar.

DEL

Ditt Hardanger(Ditt Hardanger):  Aktivitetsfesten på Skotamyra vert arrangert for åttande året på rad.

Det vil vera mange aktivitetar å røyna og prøva - alt frå bruskasseklatring til kald berekning.

Det store høgdepunktet i år vert sykkelartisten Eirik Ulltang. Han vil stilla med eit utruleg sykkelshow - mykje meir omfattande enn då han var her i 2016.

Han kan bruka ein sykkel på måtar ingen andre i Noreg kan tilsvarande: Hoppar, dansar, balanserer, klatrar, snurrar, turnar. Sporten hans er biketrial.

Eirik Ulltang har vore Noregsmeister fleire gonger og vunne Noregscupen tre gonger.


Sykkelshowet hans vert i to avdelingar  - 20 minutt ved opning og tilsvarande på slutten.
I tillegg er han ein hyggjeleg kar som gjerne pratar sykkel med sykkelinteresserte. Ta med autografbok! Dette vert ei oppleving å hugsa.

Musikkinnslag fekk me ikkje til i år, men elles vert det som før ein mix av gamle og nye aktivitetar.

Vikebygdbygdkrinsen" samarbeider med il. Solnut og Ungdomsrådet i Ullensvang med praktisk gjennomføring aktivitetsfesten. Aktivitetane er gratis for deltakarane fordi festen er sponsa av Sparebanken Vest og Ullensvang herad.

8. klasse Hauso skule har fått i oppgåve å styra kiosken, og der er pølser, brus, is, kaffi og kaker og meir å kjøpa. Inntekta med salet vil gå til klassetur til Polen.

Åtte år: Slik såg det ut under aktivitetsfesten i 2015.

Åtte år: Slik såg det ut under aktivitetsfesten i 2015.

Premiering for prestasjon og ved loddtrekking - og dess fleire aktivitetar me er med på, dess større er sjansane for å vinna små og store premiar.  

Det er åttande året på rad at "Vikebygdkrinsen" skipar til denne aktivitetsfesten som til vanleg har samla 150 - 250 born, unge, foreldre og besteforeldre frå Ullensvang og Odda.
Dette er ein del av "Skredløpshelga" i Vikebygdkrinsen; Aktivitetsfest på Skotamyra, Skredløpet - frå skredvollen Aga til skredmuren Reisæter (konkurranse og trim), kortbeinløpet frå Rogdo til Reisæter, og vert avslutta om kvelden med fest på Sagatun, Aga med quiz og god dansemusikk.

Vel møtt - til aktiv moro!!

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags