Har sett opp lysregulering

Etter eit nedbørsdøgn for litt over ein månad sidan, kom det ned ein del massar på Velure mellom rasoverbygga.

DEL

– Mykje hamna i nokre høgdebasseng, og fylte det opp. I tillegg kom det ned ein del i vegen, fortel Åsmund Sekse i Vegvesenet.

No er det sett opp lysregulering på staden, for at ein skal kunne tømme massane.

– Det skal ikkje vere lang ventetid her, informerer han.


Artikkeltags