– Kva politikk har me?

Stilte spørsmål: Trond Instebø (A) stilte spørsmål om kva føringar eller klausular som vert gitt når heradet gir gåver.

Stilte spørsmål: Trond Instebø (A) stilte spørsmål om kva føringar eller klausular som vert gitt når heradet gir gåver.

– Brakkeriggen me gav til Røde Kors er til sals. Korleis kan det ha skjedd?

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Spurde Trond Instebø (A) i heradsstyret måndag.

Det vart både alvor og latter då saka vart teken opp.

– Eg og mange med meg vart litt paffe då vi såg brakkene for sal via tredjepart, sa Instebø, og spurte om heradet kjende til kva som skjedde og kva politikk heradet har når det gjeld tilskot eller gåver dei gir og som ikkje vert nytta slik vilkåra er.

– Eg er litt i stuss nett no om kven som eig brakkene, Røde Kors eller Nedrevåg, sa ordførar Borge og gav ordet til rådmann Magnus Steigedal.

Han viste til at Røde Kors fekk brakkene mot å flytta dei, og at heradet i ettertid fekk høyra at dei var selde, og deretter at kjøpet var heva og at det var dialog med andre.

– Vi har vedteke at Røde Kors får brakkene. Eg visste ikkje kva som låg til grunn for framlegget om å gi dei i gåve før det kom opp i heradsstyret, sa han og viste til at det ikkje er klausular knytt vedtaket, heller ikkje tidsfrist for flytting.

– Einaste klausul er at Røde Kors skal flytta dei, sa Borge, og viste samstundes til at ei søknad om tilskot til kjøp av brakkene er sett opp som meldingssak seinare på saklista.

– Eg trur administrasjonen må ta ein runde til, men det er ikkje tvil om at det er Røde Kors som skal flytta brakkene, sa ho.

Gåve

Heradsstyret gav i siste møte i 2016 brakker som har vore i bruk i gamle Kinsarvik barnehage til Røde Kors – som etter det politikarane forstod – hadde god bruk for dei.

I etterkant selde Røde Kors brakkene. Ifølge Stig Hope i laget, hadde dei ikkje nokon stad å flytta dei, og dei stetta heller ikkje deira behov. Pengane for brakkene, nyttar dei til å leiga høvelege lokale.

Entreprenør Nedrevåg som kjøpte brakkene, la dei ut til sals, då dei fekk anna løysing på sitt plassbehov. Ullensvang skyttarlag melde si interesse. Dermed trekte Nedrevåg annonsen og heva salet, slik at Røde Kors og Skyttarlaget kunne gå i direkte dialog.

Skyttarlaget har som nemnt sendt brev til heradet med førespurnad om å få litt «starthjelp» til kjøp av brakkene – som dei meiner er perfekte for deira bruk. (Søknaden vart teke til vitande under posten meldingar).

Sjokkert

– Det var eg som kom med forslaget, etter å ha vore i møte med Røde Kors og forstått at dei hadde bruk for brakkene. Eg vart sjokkert då eg såg dei var til sals. Vi burde hatt klausular, men det er lett å vera etterpåklok, sa Terje Bleie (H) og la til:

– Du ber jo ikkje Røde Kors om å redda kjerringa, og selja ho etterpå.

Ordførar Borge konkluderte med at Røde Kors har fått brakkene og at det er opp til dei å gjera med dei det dei vil.

Artikkeltags