Overskot frå 5. dagsdansen går til restaurering av sceneteppe

SØLVSUPER: Her er selskapsorkesteret Sølvsuper, fotografert nokre år tilbake i tid. F.v.: Halldor Elling Eidnes, Stein Harald Aksnes, Per Ragnar Raaen, Håkon Widding og Lars Korff Lofthus. Foto: Lars Korff Lofthus

SØLVSUPER: Her er selskapsorkesteret Sølvsuper, fotografert nokre år tilbake i tid. F.v.: Halldor Elling Eidnes, Stein Harald Aksnes, Per Ragnar Raaen, Håkon Widding og Lars Korff Lofthus. Foto: Lars Korff Lofthus Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Sølvsuper spelar til dans på Lofthus 5. joledag.

DEL

– Me i styret til Krossvoll og Ullensvang ungdomslag ynskjer å få restaurert sceneteppet til Krossvoll. Me håpar at mange kan stilla på joledans 5. dag. Overskotet frå kvelden går til restaurering av sceneteppe, melder dei to laga til Hardanger Folkeblad.

Litt historie om teppet. Me har leita litt i jubileumsboka til ungdomslaget no, og fann dette om sceneteppet: «Det hadde i mange år vore eit ynskjemål å få eit sceneteppe til Krossvoll.

I 1920 lukkast det ungdomslaget å få teatermålar Rudolf Krog til å ta på seg oppdraget. Då det strålande motivet med solskin over apalblom, kyrkja og Folgefonni i bakgrunnen var kome på plass, fekk det mange rosande ord.

Og det ville koma til å skapa stemning og forventing hjå dei som sat i salen og venta på at teppet skulle gå opp. Kostnaden med dette målararbeidet var om lag 1300 kroner. Heile summen gjekk av laget sine midlar».

Program for kvelden:

5. dag vert det joledans. Me startar med opplesing av Dag.

Impro Neuf, eit improvisasjonsteater kjem.

Tradisjonen tru vert det servert hakkasteik i matsalen.

Dans med Sølvsuper.

Ullensvang ungdomslag håpar mange kan møta frå alle aldersgrupper.

– Ungdom, foreldre og besteforeldre er hjarteleg velkomne til ein tradisjonsfest og generasjonsfest, melder ungdomslaget.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken