Ny liste frå Ullensvang Ap

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Nils Johan Ystanes, leiar for LO i Odda og Omland, står som nummer seks på nominasjonslista til Ap. Dette er første gang Ystanes står på ei politisk liste i Ullensvang.

DEL

Nils Johan Ystanes er oppvaksen på Instanes, men flytta til Hovland i 1991, der han framleis bur. Han har sitt virke i Odda, og har jobba på TTI sidan 1989.

Det er første gang Ystanes står på ei politisk liste i Ullensvang. Han er nummer seks av i alt 25 kandidatar.

Skule og turisme

- Er du budd på at du kan koma inn i heradsstyret til hausten?

- Det er opp til veljarane å bestemma. Eg er så langt nede på lista at eg ikkje tenkjer på det. Vi har tre toppkandidatar som vi alle stiller oss bak, seier Ystanes, men understrekar samstundes at han er eit politisk menneske som er interessert i det som skjer i Ullensvang.

- Kva politiske saker er viktig for Ap?

- Vi har så vidt kome i gang med programarbeidet der eg er med i komitéen, og skal ha møter på dette framover. Men eg meiner det er viktig å halda fram med å skaffa arbeidsplassar til Ullensvang, og å oppretthalda skulestrukturen slik den er no, seier Ystanes.

Han meiner og at heradet må visa sin plass i Hardanger.

- Ullensvang har mykje å by på av turisme og opplevingar. Heradet må bli tydelegare på sin plass i Hardanger, meiner Ystanes.

I mora sine fotspor

Ap har levert ei spanande liste, med 12 kvinner og 13 menn. Gjennomsnittsalderen er 41 år, med kandidatar frå 18 til 66 år. Det er åtte kandidatar frå vestsida og 17 frå austsida. Toppkandidaten til Ap er noverande varaordførar Kjetil Kvalvik. Han seier til HF at partiet no jobbar med partiprogrammet, og at han vil koma tilbake til kva saker Ap skal jobba for.

På andreplass finn vi Dagny Opedal, lærar ved Hardanger Folkehøgskule. På tredjeplass står Gard Hjørnevik Risan (38), taxisjåfør på Nå. Han er i dag vararepresentant i heradsstyret.

- Eg vil kjempa for å halda på ferjesambandet på vestsida. Forsvinn ferja vert det større fråflytting på vestsida, meiner Risan.

Eit anna interessant namn på lista er Anna Gursli Langesæter på niandeplass. Ho er 18 år og er dotter av Marit Gursli, varaordførar i Ullensvang i førre periode.

Interessant er det også å sjå at Geir Sekse stiller til attval (nr. 20). På ei spørjeundersøking HF gjorde i september i fjor svarte Sekse at han ikkje stilte til attval fordi det var for kjedeleg i heradsstyret.

Artikkeltags