5. generasjon kjøpmann på Nå

Tradisjon: Daniel O. Naa (t.h) har valt å ta over familieverksemda. Foreldra Ola K. og Vala Torvaldsdottir er glade for å sjå 5. generasjon ta over.

Tradisjon: Daniel O. Naa (t.h) har valt å ta over familieverksemda. Foreldra Ola K. og Vala Torvaldsdottir er glade for å sjå 5. generasjon ta over.

Daniel Olason Naa (28) har teke eit viktig val for seg og familien på fire. Dei har flytta heim til Hardanger og etablert seg i heimbygda hans.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

Han vert kjøpmann i femte generasjon på Nå – og er allereie i sving med å setta sitt preg på butikken.

Butikken skal utvidast. Det inneber mellom anna at bunadsstova som no held hus i lokala der det tidlegare var postkontor, skal flytta i andre enden til nyoppussa lokale i underetasjen, framleis med utsyn mot sjøen og hi sida – og direkte inngang frå parkeringsplassen.

Samarbeid

I kjellaren skal far Ola framleis regjera over både lutefisk, røykjelaks og pinnekjøt.

– Eg er glad han framleis vil ha ansvar for den delen av verksemda, seier Daniel.

– På sikt skal eg læra det. Nett no er det greitt å konsentrera seg om å få butikkdrifta inn i fingrane.

– Me treng meir plass. Det er trongt i butikken, og eg vil ha inn større sortiment på matvarer. Lokala treng og eit ansiktslyft. Det er kjekt å vera med å utvikla og sette preg på det eg skal jobba med, seier han.

Foreldra, Ola K. og Vala, har båe passert 60, men har ikkje tenkt å pensjonera seg enno. Men litt meir fritid skal dei unna seg.

– Kva er det med å vera kjøpmann?

– Det er ein sosial jobb, du treffer mykje folk og har varierte arbeidsoppgåver.

– Korleis vert det å vera sjef?

– Me må jo halda ein viss standard. Det er ein servicebedrift, dette.

Utdanning

Det var ikkje gjeve at nokon av borna skulle i foreldra sine fotspor. Daniel har to eldre systrer, som begge er busett utanfor Hardanger. Dei har valt andre utdanningsvegar og ikkje vore freista til å ta over.

Det gjaldt Daniel og, som utdanna seg til tømrar. Sidan tok han kurs i brønnboringsteknikk. Etter seks år i Nordsjøen kom nedturen og mange mista jobbane.

Før det hadde Daniel og sambuar Charlotte Ramsøy, som er frå Odda, bestemt seg for å flytta heim og etablera seg her. No har dei kjøpt hus og bur på Aga med to born på 6 og 2,5 år - eit par steinkast frå barndomsheimen.

– Me ville tilbake, og det er ekstra kjekt å koma heim til eit sosialt miljø. Fleire av venene våre har flytta heim. Det gir optimisme for ei framtid i Distrikts-Noreg, seier Daniel.

Charlotte som er utdanna sjukepleiar, kan enn så lenge rekna helsesektoren som trygg.

–Off shore-jobb har sine positive sider med fleire veker fri i slengen. Men å koma heim kvar dag er meir sosialt. Eg føretrekkjer det, seier Daniel som sjølv tok initiativ til å følgja i fotspora til far og mor, besteforeldre, oldefar og tippoldefar.

– Me har aldri vore pressa eller oppmoda til å ta over. Me har stått heilt fritt. Me har sjølvsagt jobba i butikken, men det har liksom ikkje vore det me skulle gjera når me vart vaksne. Når eg flytta heim og måtte tenkja nytt, fell det på plass. No vert eg kjøpmann.

Spar-butikken Ola K. Naa vert omgjort til eit AS i ein overgangsfase. Og Daniel skal perfeksjonera seg i kjøpmannsfaget gjennom kursing.

– Eg veit jo det vert ein livsstil. Eg har jo vekse opp med det og sett korleis mor og far har jobba. Det er mykje arbeid, men eg får prøva å effektivisera og finna min veg.

Femte generasjon

Tippoldebesten til Daniel starta med handel på Nå i 1864, den gong frå eit naust i fjøra.

No vert Daniel femte generasjon kjøpmann på Nå, med 5–6 årsverk og 10 tilsette å halda styr på – inkludert foreldra.

– Det er godt med friskt blod inn i verksemda, seier Ola K. og Vala Torvaldsdottir Naa som er glade sonen tek over.

– Me hadde ikkje forventningar og var innstilte på at ungane gjekk andre vegar. Det er veldig kjekt at han kom på det sjølv. Det er ikkje eit godt utgangspunkt å ta over av pliktkjensle, slår dei fast.

Handelsnæringa er i stor endring og det er stadig nye krav, så kvardagen her vil endra seg, seier dei. Netthandel er på veg inn, men det vert som ein avart av tidlegare tiders bestilling på telefon og utkøyring av varer. Korleis utviklinga vert, må ein vera med for å sjå.

Det er ein kamp å overleva i Distrikts-Noreg, men om folk nyttar tilboda som er, er det von. Utan etterspurnad og bruk, kan ein heller ikkje forventa tilbod.

Med familie er fritida også fylt opp. Daniel er mellom anna fotballtrenar for dei yngste i Solnut. Og han er 2. vara for Høgre i heradsstyret. Om det vert meir politikk på sikt, kan nok henda.

Han er oppteken av tilrettelegging for å få folk til å busetja seg her. Då må det tomteland til. Med utfordrande geografi kan det henda ein må ofra noko og dispensera frå nokre paragrafar for å få det til, trur han.

Familien er glade i å bruka naturen- og den er rett utanfor døra. Inne - på kjøkenet – kan han og kona laga gode måltid, med mat handla på nærbutikken.

– Du kan få gode matopplevingar utan eksotiske ingrediensar også.

– Du veit du ikkje kan få alt når du bur usentralt. Men me kan oppsøkja tilboda – anten det er badeland, teater eller store konsertar. Me har ikkje badeland, men basseng på Hauso - og variert kulturtilbod med kunst og konsertar lokalt – og så har me naturen tilgjengeleg. Det er viktig, slår Daniel O. Naa fast.

Artikkeltags