Berge bad om fullt trykk

Kom med råd: Per Berge frå Berge Sag i Ølensvåg (i midten) kom med mange innspel. Han har lang fartstid med reguleringsplanarbeid og sa tomteprisar for Markastå må fort på banen. – No har folk venta i mange år, presiserte han.

Kom med råd: Per Berge frå Berge Sag i Ølensvåg (i midten) kom med mange innspel. Han har lang fartstid med reguleringsplanarbeid og sa tomteprisar for Markastå må fort på banen. – No har folk venta i mange år, presiserte han. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Per Berge meiner Ullensvang herad bør få på plass ein truverdig framdriftsplan til slutten av mai for det nye bustadfeltet i Markastå på Sekse.

DEL

Berge er dagleg leiar for Berge Sag Prosjekt AS i Ølensvåg og ein erfaren eigedomsutviklar.

– Det er viktig å ikkje la det gå nye fem år. Det burde ikkje vera så vanskeleg når det både er pengar og vilje, meiner han.

Kring 30 personar møtte på informasjonsmøtet i Grannatun på Sekse tysdag kveld der administrasjonen i heradet hadde regien.

Planleggjar Randi Karin Tveit byrja i Ullensvang herad i juli 2016 og fekk då Markastå i fanget. Mykje var då klart, mellom anna plankartet. Sjølve planarbeidet for Markastå byrja tilbake i 2012. Politikarane hadde då landa på Markastå som best eigna for bustadutbygging framfor Stor og Sandstå, etter diskusjonar om det er rett å nytta matjord som bustadareal.

Kjeppar i hjulet

– Både økonomi og funn av automatisk freda kulturminne gjorde at arbeidet stoppa opp, forklarte planleggjar Tveit.

Men i 2016 vart det sett av to millionar kroner og reguleringsplanen er no lagt ut på høyring med frist til 24. mars.

– Hordaland fylkeskommune har søkt om utsett frist for uttale til mai, opplyste Tveit.

– Nokre offentlege instansar kan krevja utsett frist, deriblant fylkeskommunen. Hadde me hatt ankemoglegheit så hadde me brukt den, forklarte ordførar Solfrid Borge som ivrar for fortgang i bustadfeltarbeidet.

Ho lova å ta kontakt med fylkeskommunen og Riksantikvaren. For det er fleire humpar i vegen. Riksantivaren må formelt frigjera området før ein kan starta bygging.

Tveit sa ei realistisk tidsramme er politisk handsaming av reguleringsplan tidlegast til hausten. Noko fleire av dei frammøtte protesterte mot og meinte det burde bli i juni.

– Saka må vera klar 17 dagar før møtet. Plan og ressursutvalet har møte 13. juni, forklarte kommunalsjef for teknisk, Helga Helleland, då.

Markastå er i dag i privat eige.

– Det er ein eigedom som skal kjøpast. Heradet bør gå i dialog og gjera forarbeid før hausten, og få på plass teknisk plan som Berge snakkar om, meinte Hildegunn Espe.

For Markastå er det aktuelt med privat offentleg samarbeid om utbygging. Men formell avtale er ikkje på plass.

Legg opp til ti nye tomter

I reguleringsplanen som no er ute på høyring, er det lagt opp til mellom 12 og 25 bueiningar, inkludert to eksisterande bustader.

Av dei ti nye tomtene i Markastå, er éi større enn dei andre. Den har plass til maksimalt fem bueiningar og kan få felles garasje. Elles er det rekna ein og ein halv parkeringsplass per bueining, og teikna inn leikeplass.

– Ein nærleikeplass meint for dei minste ungane utan at dei må kryssa vegen, sa planleggjar Randi Karin Tveit då Johannes Sekse peika på at det alt er leikeplass i nærområdet.

Tveit oppmoda sterkt dei som bur på Sekse og andre med interesse om å koma med innspel til planen.

– Det er no de har moglegheita til å endra. Etter høyringsfristen vert det vanskelegare, sa ho.

Frå salen kom mange tips frå ein med lang fartstid med reguleringsplanarbeid. Per Berge snakka mellom anna om momsreglar og bruk av «annleggsbidragsmodell» der kommunen står som formell utbyggjar, men gjer avtale med private.

– Staten er på hogget for å få tetta dette holet, sa Berge som meinte heradsadministrasjonen burde setja seg inn i momsreglane.

Berge meiner det sikkert er 150 000 kroner å spara per tomt i rein moms.

– Ein kan jo senda desse pengane til Oslo, men då ser ein dei aldri igjen, sa Berge.

Artikkeltags