Målpris til Hesthamar

ENDELEG. - Det var på høg tid at du fekk han, sa ordførar Solfrid Borge, då Torolv Hesthamar fekk målprisen.
Foto: Johs H. Sekse

ENDELEG. - Det var på høg tid at du fekk han, sa ordførar Solfrid Borge, då Torolv Hesthamar fekk målprisen. Foto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 9 år gammel

Torolv Hesthamar har fått Ullensvang mållag sin målpris for 2008. Prisen er eit fargetrykk av kunstnaren Ivar Kvåle med motiv av Kinsarvik kyrkje.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Målprisen vart utdelt på årsmøtet til laget på Utne Hotell onsdag kveld. TorolvHesthamar fekk prisen for lang kamp for nynorsken. Mellom anna som mangeårig ordførar i Ullensvang og seinare for ein imponerande innsats som leiar i mållaget.

Hesthamar var ein av drivkreftene bak Landssamanslutninga for nynorskkommunar og han opparbeidde mållaget som ein av dei viktigaste kulturorganisasjonane i Ullensvang og eit av dei største mållaga i landet.

Som ordførar kjempa også Hesthamar gjennom retten for at kommunar som ynskjer det kan nytta herad i staden for kommune.

Som ein ekstra hyllest til Hesthamar, spela brørne Vidar og Håkon Råen mellom anna "Gje meg handa di Gud". Ordførar Solfrid Borge møtte og opp og helsa.

På same møtet fekk tre 10. klassingar tildelt kvar sin sjekk på 1000 kroner for god stilskriving. Det var Tor Einar Lothe og Synne Haga Lindvik ved Hauso skule og Elise Meling Meland ved Kinsarvik skule.

Meir i papiravisa.

Artikkeltags