Heradet endrar plan og unngår erstatningskrav

Då reguleringsplanen for Lofthus sentrum vart vedteken i haust, vart det i sluttfasen lagt til ei endring som skulle imøtekoma grunneigarane sine ynskje om avstand til småbåthamna. Men endringa gav ikkje dei rettane som den var meint å gje – ikkje for alle.