Formannskapet seier ja til skjenkeløyve på gard

SØKJER SKJENKELØYVE: Alvavoll frukt og sidergard har søkt om skjenkeløyve. Her er Odd Nordstoga på Morellfestivalen i 2016. Arkiv

SØKJER SKJENKELØYVE: Alvavoll frukt og sidergard har søkt om skjenkeløyve. Her er Odd Nordstoga på Morellfestivalen i 2016. Arkiv

Artikkelen er over 2 år gammel

Formannskapet sa måndag samrøystes ja til ein skjenkesøknad frå Alvavoll gard. Heradsstyret har det endelege ordet.

DEL

Harald og Lisa Alvavoll vil produsera eigen sider på garden for sal til kundar og for skjenking i eigne lokale. «Det vil også vera konsertar på tunet, slik ein til dømes har hatt under Morellfestivalen», står det i saksutgreiinga.

Søknaden gjeld produksjonsløyve for sider, salsløyve for eigenprodusert sider og skjenkeløyve. Harald Alvavoll er medeigar i Ekspedisjonen skjenkestove i sentrum av Lofthus der han har vore dagleg leiar.

Ekspedisjonen har hatt skjenkeområde på garden tidlegare. Skjenkestova arbeider no med å få nye drivarar, og slik det ser ut, vil dei avvikla det eksiserande skjenkeløyvet på Alvavoll i samband med etablering av ny drift.

Garden vil halda seg innanfor kravet om at 1/3 av epla til siderproduksjon skal vera eigenprodusert.

Artikkeltags