Flott 100-årsfeiring

Ekspedisjonen: Trond Instebø i duett med Tora Trønnes Lilleeggen.

Ekspedisjonen: Trond Instebø i duett med Tora Trønnes Lilleeggen. Foto:

Hardanger Folkehøgskule på Lofthus feirar 100 år på Hordatun, noko som vart markert med festframsyning på Ekspedisjonen.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

– Det er 100 år sidan folkehøgskulen kunne flytta inn i eigne bygningar på Hordatun, seier rektor Trond Instebø.

Les også: 100 år på Hordatun

Dette vart feira med fest og musikk på Ekspedisjonen Skjenkestove laurdag kveld. Instebø fortel at det i alt var 18 ulike musikalske innslag.

– Gjestene fekk høyra alt frå folkemusikk til visesong, popballadar og rock n' roll. Både noverande og tidlegare elevar stod på scena, opplyser han.

Rektoren gjorde sjølv nokre songnummer. Han og Tora Trønnes Lilleeggen framførte mellom anna R.E.M. sin klassikar «The one I love».

– Det var ein veldig kjekk og vellykka kveld, seier Instebø til Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags