Gjenbruk i barnehage

DELING: Her er nokre av klesplagga og utstyret Veisane barnehage har fått inn til gi- og få-dagen. Samarbeidsutvalet ved barnehagen arrangerer onsdag 11. april.

DELING: Her er nokre av klesplagga og utstyret Veisane barnehage har fått inn til gi- og få-dagen. Samarbeidsutvalet ved barnehagen arrangerer onsdag 11. april. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Mange har mykje ein ikkje har bruk for, og likevel treng ein kanskje noko anna.

DEL

– Me oppmodar alle om å leita fram ting dei ynskjer å gje, og koma for å få om det er noko ein har bruk for, melder samarbeidsutvalet i Veisane barnehage ved SU-leiar Bjørg Opedal Hove.

Barnehagen på Lofthus har fått innspel om å arrangera ein dag der ein kan gje og få barnekle og utstyr. Målet med arrangementet er rett og slett å gje og få klede og utstyr til barn.

For mange har mykje som kan nyttast av andre.

Arrangementet finn stad i barnehagen rett etter stengetid 11. april.

– Det er lov både å berre gje og å berre få, sjølv om ikkje har noko å gje, forklarar Elin Røynstrand i samarbeidsutvalet.

Personalet samlar alle ting i glashuset denne ettermiddagen. Dei har teke imot ting ein til to dagar før. Men ein kan òg ta med seg ting den aktuelle dagen.

Artikkeltags