Gå til sidens hovedinnhold

Livskraftig 100-åring

Artikkelen er over 13 år gammel

Med signal frå fylkesordføraren om løyvingar som sikrar at regionhistoria for Hardanger vert ein realitet, kan Hardanger Historielag sjå framtida ljost i møte.

Laurdag feira laget sine 100 aktive år med eit festsamkome på Krossvoll . Vel kan historielaget karakteriserast som stillfarande, men det er ein høgst oppegåande og aktiv jubilant. Fyrst og fremst er det årsskrifta som kjem med sitt 100. nummer til hausten. Her er mykje historie og kulturarv samla og formidla. No vil laget gje ut regionhistoria, og med signala som Einar Lutro målbar frå fylkesordførar Torild Selsvoll Nyborg, kan det sjå ut som prosjektet kan verta realisert.