Tek opp att spelet

På øving: F.v.: Per Sigurd Hegerland, Åsmund Aarvik, Aleksander Sverdrup Aarsand, Kjetil Kvalvik, Fredrik Orvin Tveit, Magnus Opedal, Lars Lutro Eidnes og Halldor Gjernes. Framme f.v.: Grethe-Lill Eide og Guri Opedal. Skredhaugen er arena for spelet «Heilag Olav gjestar Ullensvang».

På øving: F.v.: Per Sigurd Hegerland, Åsmund Aarvik, Aleksander Sverdrup Aarsand, Kjetil Kvalvik, Fredrik Orvin Tveit, Magnus Opedal, Lars Lutro Eidnes og Halldor Gjernes. Framme f.v.: Grethe-Lill Eide og Guri Opedal. Skredhaugen er arena for spelet «Heilag Olav gjestar Ullensvang».

Artikkelen er over 3 år gammel

Det er ikkje berre på Stiklestad «Spelet om Heilag Olav» er aktuelt. Søndag 30. juli er museumstunet Skredhaugen arena når 35 aktørar skal i elden, 36 år etter førre framføring.

DEL

Initiativtakar er Per Nornes. Han har fått med seg heile 35 skodespelarar, både ungar og vaksne, og Arild Helleland som instruktør.

I si tid hadde Ellen Utne på Hotel Ullensvang og Oddmund Aarhus på Ullensvang Gjesteheim ideen til eit olsokspel på Lofthus. Dei ville skapa noko ut av olsokhøgtida for turistane. I 1961 vart spelet framført fyrste gong. Slik heldt det fram, med få avbrekk fram til 1981. Fyrst i hotellhagen, seinare på frukt- lageret. «Heilag Olav gjestar Ullensvang» er eit stykke med tekst av folkeminnesamlar Halldor O. Opedal. Hendinga er lagt til tida før slaget på Stiklestad, før kristendom og rikssamling hadde fått sitt eigentlege gjenombrot i landet. Kor mykje av spelet som er historisk rett, veit ein ikkje. Opedal har visstnok gjeve stort rom for fantasien, om ein skal tru ein avisartikkel om spelet frå perioden då det vart sett opp i mange år på rad: « ... 35 personar var med, og alle hadde drakter som var med og skapa den ekte sogesusen over tilskipinga», skreiv Bergens Tidende etter olsokspelet i 1964. Gerd Ullensvang Jacobsen var ein av skodespelarane.

– Det er skikkeleg gammaldags Halldor O. Opedal-språk. Eg og mannen min var eit ektepar som ikkje ville la oss omvenda, fortel ho.

Årets oppsetting er eit samarbeid mellom Hardanger og Voss museum, vennelaget på Skredhaugen og Ullensvang ungdomslag. Ungdomslaget stiller med dansarar.

Søndag 30. juli er fyrste gong olsokspelet vert framført i museumstunet på Skredhaugen. Dermed vert det ikkje rom for å ha med båt i stykket, slik ein bruka ha, men på Skredhaugen vert det hest. Per Nornes håpar mange kjem for å sjå.

– Mange av kostyma er frå Rika Ragna, men noko av det kjem òg frå det gamle olsokspelet. No er det mest nye som spelar. Eg synest det er kjekt å få med personar som ikkje har vore med før. Dei er under 50 dei fleste. Til å begynna med sa dei ja alle eg spurde. Men då nokre av dei hoppa av, bala eg litt, fortel Nornes.

Artikkeltags