45 namn på høyring i Ullensvang

Skal ein skriva Reidsete, Reisete, Reiseter, Reiseto eller Reisæter? Spørsmål om skrivemåte var oppe til diskusjon i arbeidet med bygdeboka for Ullensvang, og kjem opp på ny no.

Skal ein skriva Reidsete, Reisete, Reiseter, Reiseto eller Reisæter? Spørsmål om skrivemåte var oppe til diskusjon i arbeidet med bygdeboka for Ullensvang, og kjem opp på ny no. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ullensvang herad vil ha tilbakemelding innan 24. november

DEL

Adresseprosjekt I samband med adresseringsprosjektet i Ullensvang herad reiser Kartverket og Ullensvang herad namnesak for nokre namn for å få avklart rett skrivemåte før dei vert tekne i bruk i avleidde adressenamn.

Kartverket tek samstundes med nokre andre stadnamn som treng avklaring av skrivemåten eller formalisering for offentleg bruk.

Denne lista viser namn som skal til vurdering:

Litlåsen/Lilleås/Litle Ås/Vetle-Ås /Vetlås (gard 154)

Vetle-Ås (bruk 154/1, 154/5)

Lille-Ås (bruk 154/4)

Rv. 550 VetleÅs (bruk 154/16)

Reidsete / Reisete / Reiseter / Reiseto / Reisæter/Søre Reisæter (gard 53)

Søre Reisæter (bruk 53/1, 53/2, 53/3og53/4)

Reisæter (bruk 53/5 og 53/15)

Reisæter parkeringsplass (bruk 53/9)

Ekrene/Ekrena (fellesnamn for bruk 111/8, 111/61 og 111/62)

Ekrene (bruk 111/61)

Gravene/Gravena (bruk 114/4og 114/5)

Fletene/Fletena (slette i Rogdaberg)

Legene/Legena/Lægena (slette i Opedal)

Lerkeholene/Lerkeholena (søkkpå Hesthamar)

Helland/Helleland (gard 71)

Helland/Helleland (bruk 71/1, 71/2,71/3,71/4,71/5,71/6,71/7,71/8,71/9, 71/66, 71/69 og71/70)

Fv. 102 Helleland (bruk 71/67)

Hellandshagen/Hellelandshagen (jorde)

Hellandshagen (bru)

Hausolia/Hausalia/Hausalii (li)

Hausolia byggefelt/Hausalii byggjefelt (bruk 98/43)

Hausastølen (setervoll)

Hausaheiane (hei)

Hausaneset (nes)

Fitjarseter/Fitjarsete/Fitjarstølen (setervoll ved Rogdo)

Langetjørni/Longetjørn/Rogdatjørn (tjørn)

Svortetjørn (tjørn nord for Langetjørni)

Ljosetjørni/Ljosetjørn (tjørn nordaust for Svortetjørn)

Syro (elv på Syreflot)

Syreflot/Syreflåt (fellesnavn på bruk 64/9, 64/9/1og 64/17)

Syreflot (bruk 64/9)

Syreflåt (bruk 64/9/1 og 64/17)

Syreflatnaustet (bruk 64/18)

Syreflothagen (bruk 64/52, 64/53 og 64/55)

Syreflot (bru)

Stølen/Hudnasete (støl ved Aga)

Kroka/Kroko (teig i Ytre Råe)

Kolda/Koldo (bekk ved Nedre Kumlevatnet)

Giljaelvi (elv ved gard 135 Gjelet)

Skoddedalen/Skoddadalen (dal ovanforBjotveitdalen)

Nausto (kai/sentrumpå Børve)

Ysjebotnen (botn der Ysjebotnvatnet ligg)

Krefsfloten/Kleppsfloten (høgd ved Sekse)

Løvstuhaugen (haug 1268 moh. nord for Kvennedalen, nær bytet mot Vinje)

Buatjørni (tjørn aust for Bjørnsnuten ved Fresvik)

«Det er Kartverket som har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards-og bruksnamn og for naturnamn. Før det vert gjort vedtak, har kommunen rett til å uttala seg», skriv namneansvarleg i region vest, Erlend Trones.

Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har serleg tilknyting til.

Vedtak for gardsnamn er etter hovudregelen retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, og for bruksnamn der gardsnamnet inngår som en del av namnet.

Overlet til annan sakshandsamar

Når det kjem til stadnamet Reidsete / Reisete / Reiseter / Reiseto / Reisæter har stadnamnansvarleg i region vest i Kartverket,Erlend Trones, tidlegare vore involvert i korrespondanse med grunneigarane på gardsnummer 53 om skrivemåten av gardsnamnet i bygdeboksamanheng, og kjem difor til å overlata til ein annan sakshandsamar å ta seg av den vidare handsaminga i Kartverket som gjeld dette namnet med avleiingar.

Varsel om høyring er sendt til alle registrerte matrikkeleigarar på dei gardsnummera det er reist namnesaker på, i tillegg til lokale historielag og mållaget

24. november er høyringsfrist.

Artikkeltags