Konsertar og aktivitetar for ungdom 16. mai

Rusfritt: No er det meste på plass før 16. mai – rusfritt arrangement i Kinsarvik. Stig Hope, Vilde Lægreid, Torbjørn Reisæter, Sigrid Dagestad og Sigrid Kambestad frå Ullensvang ønsker saman med samarbeidspartnarar i dei andre kommunane i Indre Hardanger velkommen til ein flott fest 16. mai 2016.

Rusfritt: No er det meste på plass før 16. mai – rusfritt arrangement i Kinsarvik. Stig Hope, Vilde Lægreid, Torbjørn Reisæter, Sigrid Dagestad og Sigrid Kambestad frå Ullensvang ønsker saman med samarbeidspartnarar i dei andre kommunane i Indre Hardanger velkommen til ein flott fest 16. mai 2016. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Tradisjonen tru er ungdom frå heile Indre Hardanger velkomne til rusfritt ungdomsarrangement på Husemoen i Kinsarvik 16. mai.

– 200 har meldt seg på så langt, og me har plass til 400. Det er fordi at dei ikkje berre skal stå i kø heile kvelde, seier Torbjørn Reisæter, som er leiar for helse- og velferd i Ullensvang.

Det er åttande gongen det rusfrie arrangementet vert gjennomført i Kinsarvik. Ungdom frå 8. klasse og oppover er inviterte.

– Det er for å gje ungdom ein sjanse til å møtast på ein spanande og kjekk måte 16. mai. 16. mai var tidlegare knytt opp mot ein del dårlege tradisjonar, og me har lukkast med å bygga opp noko kjekkare og betre, meiner Reisæter.

Transport

Arrangementet skjer i samarbeid med Ullensvang ungdomsråd, men ungdom frå andre kommunar er og involverte.

Transport til og frå vert tilrettelagt av dei fem kommunane som står bak arrangementet, Eidfjord, Granvin, Odda, Ullensvang og Ulvik.

For inngangsbilletten får deltakarane vera med på alle aktivitetane under arrangementet og eit godt måltid. Fristen for å melda seg på er 10. mai.

I år er det fleire nye aktivitetar i tillegg til dei mest populære frå tidlegare, Paint-ball, gokart, klatring med meir. Kvelden vert avslutta med konsert med Katastrofe som er kjent for å ha fleire låtar inne på VG-lista dei siste åra. I år vert det lokalt musikkinnslag ved Someday frå Skare i Odda.

Artikkeltags