Landsfestival til Kinsarvik

KLare: Samarbeid må til for å dra lasset.  Foto: Hardanger spelemannslag

KLare: Samarbeid må til for å dra lasset. Foto: Hardanger spelemannslag

Artikkelen er over 1 år gammel

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2019 vert lagt til Kinsarvik 7.-13. august med Hardanger Spelemannslag som arrangør.

DEL

Festivalen er, i tillegg til Landskappleiken, eit flaggskip for FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og folkedans.

Magne Velure vert leiar, og ser fram til festivalen der han har med Øystein Velure som tevlingsleiar. Båe velurane er aktive spelemenn frå Ullensvang, men ikkje busette her no.

I slutten av månaden skal resten av hovudnemnda vera på plass. Velure signaliserer at det er trong for solid dugnadsinnsats og godt samarbeid med kommunane, næringslivet, idrettslaget, ungdomslag og mange andre lag og organisasjonar i distriktet for å kunna skipa til ein god Landsfestival.

Det er fyrste gong festivalen er lagt til Hordaland, og tilskipinga skal ha base i den nye idrettshallen i Ullensvang. I tillegg vert lokale i Kinsarvik skule teken i bruk til øvinga. Med Mikkelparken tett ved, er det og ein barnevenleg festival, skriv FolkOrg i ei pressemelding – og med overnattingsstader i nærmiljøet kan ein stadfesta at det vert ein kompaktfestival.

Spelemannslaget har over 100 medlemmar, og kan konstatera at både folkemusikk og runddansmusikk står sterkt i regionen. Laget har tidlegare arrangert Hordakappleiken, samt Landskappleiken (Eidfjord i 2004).

Landsfestivalen har vore arrangert sidan 1986, og har om lag 1000 deltakarar og 2000–3000 vitjande. Det vert mellom anna tevla både i solo- og lagspel på ulike instrument, pardans og lagdans.

Artikkeltags