Stavali turisthytte opnar

Sesongen i gang: Stavali turisthytte opnar for sesongen i helga – og byr på fleire freistande tilbod i sommar. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Sesongen i gang: Stavali turisthytte opnar for sesongen i helga – og byr på fleire freistande tilbod i sommar. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 2 år gammel

Lørdag opnar sommarsesongen på Stavali turisthytte. Vertskapet har fleire freistande tilbod ut over sesongen.

DEL

På opningsdagen vert gjestene bydd på gratis rjomegraut og fjellquiz. Om vêret held seg, vert det og fyr i bålpanna, lover Torill Opedal Hauge.

Vertinna melder at det vert Ørretdagar frå 7.- 11. august. Då kjem Bergen og Hordaland turlag sin fiskeekspert Terje Engø for å gje tips og gode råd om ulike måtar å servera fisk på.

Fiskekort kjøper ein på hytta, som og lånar ut båt.

Fiskedagane vert avløyste av den årlege fjellfesten. Den går av stabelen 13. august. Også då byr vertskapet på gratis rjomegraut – i tillegg til «kjekt program med mykje moro».

Programmet er ikkje heilt spikra enno, melder Opedal Hauge, men ho minner om at Odda/Ullensvang turlag skal ha fellestur til Stavali frå fredag til sundag, inkludert dagstur til Sovaren på 1648 moh.

Finn fram fjellstøvlane!

Artikkeltags