Vener med mykje å by på

Velkomen! Sundag er det sesongopning på Skredhaugen. Venelaget har snikra eit allsidig program med noko for både store og små.  Arkivfoto: Eli Lund

Velkomen! Sundag er det sesongopning på Skredhaugen. Venelaget har snikra eit allsidig program med noko for både store og små. Arkivfoto: Eli Lund

Artikkelen er over 2 år gammel

Sundag går startskotet for sommarsesongen på Skredhaugen. Det betyr og at venelaget igjen inviterer til mykje kjekt for born og vaksne på utvalde onsdagskveldar.

DEL

Denne sommaren er det Anders P. Wallevik (1864–1965) sine foto som skal visa Hardanger slik distriktet var i nær fortid. Utstillinga vert opna med tonefylgje av gruppa Felefylgje; Marta Lindvik, Amalie Kinsarvik Tvilde og Åshild Skeie Ljones på fele, gitar, toradar, vokal og dans.

Wallevik var både fotograf, postopnar, telefonstyrar og gardbrukar – og dreiv som frakteskipper. Han hadde med kamera mest over alt, og dokumenterte samtida – i arbeid og fest, glede og sorg – i tillegg til landskap og natur. Nyleg kom det ut bok om fotografen der mange av bileta er gjengitt.

Allsidig program. 28. juni held årets stjerneskot frå Hardanger musikkfest, Arnfinn Gursli Langesæter, og faren Torstein Langesæter, konsert, Arnfinn på saksofon, far på piano.

5. juli er det tradisjonell bakstedag. Publikum får garantert smakebitar, og er dei heldige, kan dei og handla med typisk hellebakst frå Hardanger.

For dei som vil testa kunnskap og tileigna seg litt ny, er det spørjeleik for heile familien 12. juli.

Tema dreier seg om Skredhaugen; kva som skjer der og kva som finst inne i husa.

19. juli kjem heile verda til Skredhaugen når det vert barneleikar.

– Me samarbeider med våre nye landsmenn og vil presentera gamle norske leikar side om side med typiske leikar frå andre himmelstrok, fortel Per Nornes, primus motor for venelaget på Skredhaugen.

– Dette er og eit bidrag i integreringsarbeidet. Får me ungane med, kjem foreldra etter, seier han.

Olsokspel gjenoppstår. Venelaget inviterer og til Olsokspel på Skredhaugen. Det vert framsyning sundag 30. juli.

– Det har ikkje vore oppført sidan 1979. No synest me det er på tide å tørka støvet av Halldor O. Opedal sitt spel om Heilag Olav, seier Nornes som er ansvarleg for både skodespelarar og dansarar, om lag 35 i talet – og hestar.

Arild Helleland har regi på spelet som vart skriven på oppmoding frå tidlegare vertinne Ellen Utne på Hotel Ullensvang.

Sesongen vert avslutta 10. august med fyr i essa. Då kjem ein vaskeekte smed som skal visa sine kunstar – og gje publikum høve til å prøva seg på smedkunsten.

– Folk har mykje å gle seg til på Skredhaugen i år, seier Agnete Sivertsen, styrar på Hardanger folkemuseum, som forvaltar samlingane på Skredhaugen. Ho gir og uttrykk for at venelaget der er god medspelar for eit aktivt tun og har laga eit spanande program for både innanbygdsbuande og gjester.

Artikkeltags