Kafé for turfolk på Månena

Månatun: Vestglimt IL si hytte. Her er kafé nokre sundagar og moglegheit for å leiga hytta. Foto: Bjørg Krohg hauso

Månatun: Vestglimt IL si hytte. Her er kafé nokre sundagar og moglegheit for å leiga hytta. Foto: Bjørg Krohg hauso Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Vil du kombinara friluftsliv og kaféliv, kan du ta deg ein tur til Månena.

DEL

I sommar og haust inviterer idrettslaget Vestglimt til kaféar på Månatun fyrste sundag i månaden. Vil du ligga innomhus i staden for i telt eller med himmelen som tak ei natt eller to, kan du leiga hytta. Det er hyttestyret som skipar til kafé og ynskjer bygdefolk og anna turfolk velkomne til hytta som ligg på om lag 450 meter over havet opp for Grimo.

Turgåarar kan handla varm drikke og turpausekos, inkludert lappar. Kjekt det, anten du har niste i sekken eller satsar alt på serveringa på Månatun.

– Det har vore folk innom kvar gong me har skipa til kafé, men me tek gjerne i mot fleire - og dei same om igjen, fortel Lars Åge Velure Lirhus, leiar i hyttestyret.

Han har von om godt besøk på dei tre neste; den fyrste er sundag 6. august. Litt marknadsføring og jungeltelegraf kan vera påminning om tilbodet på vestsida av Ullensvang.

Om nokon vil leiga hytta, er hyttestyret rett adresse for å få nyklar og hyttereglar.

– Det er ope for alle som vil. Her er ti sengeplassar og oppgradert hytte, seier Lirhus

Månatun kan du nå både frå Hauso, Trones og Utne.

Artikkeltags