Sju hytter for folket

Oppdrag på vidda: Jørund Kvestad i Ullensvang fjellstyre utanfor Ullsbu på Hansbu.  Ein dugnadsgjeng til fjells i vår med diverse utstyr gjorde vedlikehald og sjekka  at alt er i orden før gjestene inntar hyttene som er til utleige fyrst og fremst i  samband med jakt og fiske.

Oppdrag på vidda: Jørund Kvestad i Ullensvang fjellstyre utanfor Ullsbu på Hansbu. Ein dugnadsgjeng til fjells i vår med diverse utstyr gjorde vedlikehald og sjekka at alt er i orden før gjestene inntar hyttene som er til utleige fyrst og fremst i samband med jakt og fiske. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sommarsesongen står for døra med fjellturar og fiske, og like etter kjem hausten med jakt og meir fiske. Fjellstyret i Ullensvang har hytter å by på.

DEL

– Det har vore stor aktivitet dei siste åra, fortel Steinar Langesæter, leiar i Ullensvang fjellstyre og Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning.

Han strekar under at fjellstyret er særs takksame for gåva på 500 000 kroner frå Sparebankstiftinga Hardanger.

– Dei pengane har hjelpt oss mykje, seier han.

Restaurering og nybygg

Hytta på Rauåna er no delt i to bueiningar for å gjera ho meir tenleg. Naustet ved Nedre Krokavatn vert erstatta med eit nytt. Grunnarbeid skal i gang i sommar. Ved Rauåna er det og ei gammal oppsynshytte som treng restaurering, fortel han.

Dessutan er ny felles do med private hytteeigarar på Hansbu under planlegging.

Fjellstyrehyttene er fyrst og fremst tiltenkt innanbygdsbuande, men utanbygdsbuande har og moglegheiter. Ved alle hyttene, og andre sentrale stader, tilbyr fjellstyret båt. Dessutan er ved og brensel på plass.

Kultur

– Fjellstyret søker om opprydding og opprusting av traktorslepa frå Normannslågen til Hansbu. Ho har trong for utbetring. No ventar me på arkeologisk vurdering, fortel Langesæter.

Hytter for folket

Rogdabua (steinbu) og Ullsbu på Hansbu, Nedre Krokavatn: naust med enkel budel (truleg ny hytte i 2018) Rauåna ved Kvennsjøen: restaurert hovudhytte med to einingar og ei eldre hytte, pluss Persbu ved Øvre Bjørnevatn og lavvo med vedomn og tilgang på båt ved Grøndalen søraust for Hårteigen.

Artikkeltags