Ruteoppsett tilbake?
Før 1. oktober 2015 trafikkerte ferje 2 - for tida «Jondal» - sambandet Kinsarvik - Utne - Kvanndal. Frekvensen vart størst mellom Utne og Kinsarvik - internsambandet i Ullensvang.
Ferje 2 utgjorde «trekantsambandet» - dvs. tre ferjekaiar - Kinsarvik - Utne- Kvanndal tur/retur. (Det er ikkje direkteferje Kinsavik-Kvanndal.)
I fylkestinget i juni vart det teke vekk 1,7 millionar frå dette trekantsambandet - noko som medførte til at ferje 2 kun trafikkerer Utne-Kinsarvik med lågare frekvens.
Når 1,7 millionar no er lagt innatt, forstår brukarane av trekantsambandet - Kinsarvik - Utne - Kvanndal -
det slik at det er ruteoppsettet frå før 1. oktober 2015 som er på plass att.
Er dette rett forståing av vedtaket i sak 274/15?
Iverksetting?
2. Når vil vedtaket i fylkesutvalet/ fylkestinget tidlegast verte iverksett?
Høyre brukarane?
3. Revidering rutetabell trekantsambandet Kinsarvik - Utne - Kvanndal
Før rutetabellen vert sett opp - er det mogeleg å gjennomføra ei høyring for såleis kunna fanga opp brukarane sine lokale behov til frekvens ?