Slik var svaret:

Fylkesutvalet gjorde vedtak i sak 144/2015 om at Kvanndal - Utne - Kinsarvik frå hausten 2015 skulle utgjere to einskilde samband, Kvanndal – Utne og Utne - Kinsarvik, samt at sambanda skulle få eit rutetilbod tilpassa dagens trafikkgrunnlag.

Til grunn for vedtaket låg og innsetting av ny ferje, M/F Utne, på sambandet Kvanndal – Utne. Ny ferje gjorde det mogleg å flytte M/F Hardingen til sambandet Skjersholmane – Ranavik som ferje 1.

Les óg: Spørsmål om ferje i fylkesutvalet 

I tillegg fekk sambandet Skjersholmane – Ranavik styrka reserveferjeløysingar ved å få vesentleg redusert responstid til «innan 12 timar» for både ferje 1 og ferje 2. Endringane i rutetilbodet Kvanndal – Utne – Kinsarvik, ny ferje, flytting av ferje samt forbetring av reserveferjeløysingar ved avvik gav fylkeskommunen samla sett ei årleg innsparing på om lag 1,7 MNOK (2014 kr).

Fleire avgangar?

1,7 MNOK lagt inn att i budsjettet er ikkje tilstrekkeleg for å få tilbodet frå før 1. oktober attende. Dette grunna at løysinga som vart gjennomført 1. oktober og omfatta fornying og endringar i ferjeflåten samt forbetring av reserveferjeløysing.

Dette er tiltak som isolert sett ville gitt auke i kostnadane.

1,7 MNOK vil med vidareføring av Kvanndal – Utne – Kinsarvik som to einskilde samband gje rom for 8 ekstra rundturar Utne – Kinsarvik kvar veke. Dette så framt at nye rundturar ikkje krev ny skiftordning.

Nye rundturar kan vere avgang Kinsarvik kl.18.40 og avgang Utne kl.19.15 alle kvardagar, samt ein ekstra rundtur på dagtid på tysdag, torsdag og fredag.

Ei slik endring i rutene kan sannsynlegvis verte sett i verk frå 1. februar 2016.

Dialog

Større endringar enn dei som er foreslått over vil krevje dialog med operatøren Norled for klargjering av kostnader og konsekvensar. Det er av denne grunn vanskeleg å setje tidspunkt på når endringane eventuelt kan skje frå.

Å få tilbodet frå før 1. oktober attende med trekantsamband Kvanndal – Utne – Kinsarvik vil og kunne involvere endringar på andre samband.

Fylkesrådmannen har i tidlegare dialog med brukarar og Ullensvang herad fått innspel knytt til frekvens og opningstid på sambanda Kinsarvik - Utne og Kvanndal – Utne.

Sist dialog var då Skyss var tilstade i Hardangerrådet i september for å få innspel frå kommunane til justeringar og omprioriteringar i ferjetilbodet i kommande anbod.

Fylkesrådmannen kan ta ytterlegare kontakt, men vil peike på at 40-50% av totalkostnaden til ferjedrift er mannskap, og at endringar i frekvens og opningstid som påverkar tal skift for mannskapet vil gje auka kostnader.