– Ho har hatt ei lang ferd, og ho var liten då ho vart fødd. Eg håpar ho vil veksa seg stor, sa ordføraren då «MF Utne» vart døypt på Utne laurdag.

Solfrid Borge la til at «Hardingen» som trafikkerte strekninga tidlegare var større, og at det er skepsis knytt til den nye ferja. Samstundes er ho glad for at ein no har ei ny ferja på plass.

Les og: – Den nye ferja uroar

Både Borge og dei som nyttar ferjesambandet Kinsarvik-Utne-Kvandal regelmessig er nøgde med at det i budsjettframlegget frå posisjonen i fylket er sett av 1,7 millionar til ferjesambandet.

Dei håpar at rutetilbodet vert ført tilbake til det ein hadde før kutta 1. oktober.

Historiske linjer

Dette var ikkje tema under den høgtidelege dåpen på Utne, men fylkesordførar Anne Gine Hestetun trakk historiske linjer til både Napoleon og den første ferja som vart innført mellom Ringøy og Eidfjord i 1929.

Samstundes trakk ho fram at nyare samferdselstilbod som Hardangerbrua og Jondalstunnelen har ført til endra reisemønster.

– Når Folgefonntunnelen vert bompengefri vil fleire velja denne ruta. Likevel er det vårt ansvar å sørga for at folk som bur i distriktet har eit tilbod, understreka Hestetun.

Les og: Stabil trafikk over fjorden

Ho er og gudmor for den nye ferja. Enkelte meinte at den burde ha vore døypt i ekte hardangersider, men det var nok andre dropar i flaska som small i sida på motorferja.

– Måtte «MF Utne» verta til gagn både for passasjerar og dykk som arbeidar om bord, sa godmora.

Miljø

Det er Norled som eig den nye ferja, og dei la ikkje skjul på at dåp er ein høgtidsdag for dei. I talen trakk viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen fram at dei no og har lagt vekt på miljøaspektet, og håpar å bygga vidare på detta i seinare anbodskonkurransar.

– Det vil gje gode resultat for miljøet og innan næringsutvikling, sa han til dei frammøtte.

I tillegg til dei lokale og inviterte gjester hadde mellom anna Odda sin nye ordførar, Roald Aga Haug, tatt turen.

– Sambandet er her ute er viktig for Odda, fortalde ordføraren, som sjølv har hatt sommarjobb på ferja.