Informasjonsmøte om skredrapport

Skredutsett: NVE tek turen til Nå for å informera om faresonerapporten for Vikebygd.

Skredutsett: NVE tek turen til Nå for å informera om faresonerapporten for Vikebygd. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kjem til Nå for å informera om faresonekartet for Vikebygd, samt arbeidet med ni andre kart i Ullensvang herad.

DEL

På ettermiddagen den 19. juni kjem NVE og tilsette i Ullensvang herad til Bygdahallen på Nå. Målet er å gje informasjon og svara på spørsmål om det nye faresonekartet for Vikebygd frå 2016. Tidlegare i månaden hadde HF artikkel om kartet og konsekvensane det får for familien til Ellen og Haakon Kvestad.

– Dessverre lukkast det ikkje å få med konsulentselskapet Skred AS på møtet, dei er i Nord-Noreg på møtedatoen, opplyser konsulent John Ove Rørnes i Ullensvang herad. Han seier han har hatt høg prioritet på å få på plass eit møte raskt.

HF kjenner til at vedkomande i NVE som hadde ansvar for Vikebygd-rapporten, har skifta arbeidsgjevar.

– Korleis sikrar de at folk får svar på dei spørsmåla dei har?

– NVE sender folk som kan svara for det arbeidet som er gjort, både resultatet, framgangsmåten og det arbeidet dei held på med no i andre område av heradet, svarar Rørnes.

Skred AS er i utgangspunktet positive til å stilla på slike møte, men han som hadde hovudansvaret ville ikkje senda andre frå firmaet, opplyser Rørnes som meiner det er viktig å få fram alle sikringstiltak.

Artikkeltags