Inviterer elevar til fjells

15. og 16. juni arrangerer Ullensvang fjellstyre fjellhelg i Isdalen. Her Ishaug i Isdalen. Arkivfoto

15. og 16. juni arrangerer Ullensvang fjellstyre fjellhelg i Isdalen. Her Ishaug i Isdalen. Arkivfoto

Av

Ullensvang fjellstyre inviterer elevar i 6., 7. og 8. klasse i kommunane Ullensvang, Eidfjord og Ulvik til fjellhelg i Isdalen i Eidfjord 15.–16. juni.

DEL

Målet er å få opp interessa for jakt og fiske.

Ansvarleg for arrangementet i 2019 er Ullensvang fjellstyre.

«Fjellhelga er eit årleg arrangement med ulike aktivitetar som fiske, skyting, klatring og bogeskyting. Kva aktivitetar det blir i år er avhengig av kor mange som blir med, men me satsar på mange aktivitetar og mykje moro!», skriv arrangøren i ei melding til Hardanger Folkeblad.

Det vert overnatting i lavvoar. Arrangementet er gratis for deltakarane. Det er sosialt, lærerikt og spennande, lokkar Ullensvang fjellstyre.

Frå fjorårets fjellhelg i Isdalen.

Frå fjorårets fjellhelg i Isdalen. Foto:

Dei oppfordrar elevane til å få med seg foreldre eller besteforeldre til fjells.

«For å få dette til må me ha med ein del foreldre/føresette», skriv arrangøren.

– Dei som vil vera med må melda seg på innan onsdag 5. juni, skriv sekretær for Ullensvang fjellstyre, Steinar Lund til HF.

Les òg: Villmarkshelg for ungdom

Artikkeltags