Dette er Noregs største tre

REKORDTRE. Brureika på Utne er det største treet i heile Noreg.

REKORDTRE. Brureika på Utne er det største treet i heile Noreg. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Eika til venstre i biletet er det største treet i Noreg. Klikk deg inn på saka og finn ut kven som eig det, og kvar i Hardanger det står.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

På eigedomen til Mikkel Lothe på Lothe står det største treet i Noreg. Brureika har for andre gong gått til topps i tevlinga om å verta Noregs største tre.

Eika har vekse seg litt større sidan ho vann gullmedaljen i 1990 og er no heile 1080 cm i omkrets.

- Brureika i Hardanger er blitt ein rikskjendis, slår Merete Larsmon i Det norske Skogselskap fast.

Gigantreet på Lothe vann konkurransen blant 425 andre gigantar. Konkurransen «Mitt tre» har vore eit samarbeid mellom NRK Natur, Det norske Skogselskap og Norsk Genressurssenter. Juryen har mellom andre vore sett saman av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen og Kari Bay Haugen frå Naturens verden.

Trekonkurransen har vore NRK P1 si storsatsing i året som gjekk.

Den heldige eigaren av brureika, Mikkel Lothe, har vunne ein tur til Hilkjølen forsøks- og naturområde i regi av Norsk Genressurssenter.

Artikkeltags