Breiflabb stranda på Nå

Denne ruggen flaut i vasskorpa på Nå, daud som ei sild.

Denne ruggen flaut i vasskorpa på Nå, daud som ei sild. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Jarand Nå skulle ein tur ned til naustet, då han såg det han først trudde var eit bildekk. Ved andre augekast viste det seg at det var eit beist av ein breiflabb, daud som ei sild.

DEL

Det store droget av ein fisk låg og flaut halvvegs nede i vatnet med bakenden og det svære hovudet stranda på land.

- Eg lurte jo på kva det var. Eg har aldri sett ein breiflabb før, seier Jarand Nå.

Det vart rask konstatert at fisken var daud som ei sild, men stor som ein tykje.

Kjempefisken kan ikkje ha vore daud så lenge.

- Han var relativt heil, fortel Julia Hultkvist.

Ho og søstera Anna vart tilkalla seinare på dagen, og såg på då Jarand drog det enorme beistet eit stykke lenger inn på land.

Om fisken er sjølvdauda eller eit offer for andre større dyr i sjøen, er uvisst.

Etter å ha sjekka på internett, har finnarane funne ut at rekorden i Norge for breiflabb er på kring to meter. Denne var nok ikkje fullt så lang, men likevel eit svært imponerande syn.

Artikkeltags