Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag klagar på omregulering

Arne Lofthus

Arne Lofthus Foto:

DEL

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag har sendt klage på vedtak av reguleringsplan for Markastå.

«Ullensvang Bonde- og Småbrukarlaget vil nok ein gong klaga på vedtak om omregulering av dyrka jord til bustadareal i Seksekrinsen», står det.

«Saka har vore oppe tidlegare år, og det er beklageleg at ikkje Ullensvang herad har skrinlagt planane om å byggja ned det vesle me har av dyrka jord i heradet vårt.

Det er registrert at det ikkje er ynskjeleg frå eigarane av arealet å selja jorda, og det er vel heller ikkje registrert stor interesse for å byggja nytt på denne jorda.

«Det burde vore mogeleg å finna eigna tomter i krinsen utan å ta av slik flott matjord», skriv leiar av Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag, Arne Lofthus, i ein e-post til Ullensvang herad like før jol.

Artikkeltags