Uhellet skjedde torsdag morgon, då ein ungdom frå Ullensvang kom køyrande på riksveg 13 i retning Lofthus. På Skutenes kom han utfor vegkanten og bilen vart knust oppover fjellskråningen.

Bilen, ei Volvo stasjonsvogn, vart truleg totalvrak i samanstøyten. Han vart ståande på sida i vegkanten. Den unge bilføraren klarte å krypa ut takluka, som til alt hell fungerte.

Han vart teken hand om av forbipasserande, og etter det HF forstår var han til legesjekk. Det var ikkje glatt vegbane på staden, sjølv om det var kaldt. Vegen var godt salta.

Bilen kan heller ikkje ha hatt stor fart. Hadde han hatt det, ville han truleg hamna lenger borte.