Berre fiske ytst i fjorden

BRISLINGFISKE. I fjor haust vart det lagra store mengder fisk inst i Kinsarvik. Biletet er frå 21. august i fjor.

BRISLINGFISKE. I fjor haust vart det lagra store mengder fisk inst i Kinsarvik. Biletet er frå 21. august i fjor. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Resultatet av prøvefiske sist veke, synte at det er lite fisk inst i Hardangerfjorden. Dermed får vi ikkje sjå lyset frå brislingbåtane om kveldane og nattestid, verken i Sørfjorden eller i Eidfjorden med det første.

DEL

I dag tidleg klokka seks gjekk startskotet for brislingfisket. Då vart det opna for fiske i Hardangerfjorden utanfor ei line frå Steinkrossen på Hesthamar til Håstabbenes fyr på andre sida.

Det var båten Vaaghav som gjennomførte prøvefisket i sist veke. Vaaghav fann lite fisk i dei inste fjordane, men fekk større fangst lenger ute. Norges Sildesalgslag opnar difor førebels ikkje for fiske i dei inste delane av Hardangerfjorden.

Meir enn feit nok

Prøvefisket i Husnesfjorden synte ein feittprosent på 12,2 prosent på fisken i storleiken 11,5 til 13 cm, såkalla eittlags, og 13,1 prosent feitt på tolags (10-11,5cm). 70 prosent av fangsten var tolags og 30 prosent eittlags.

I Matrefjorden var fisken endå feitare, og hadde opp mot 16,6 prosent feita på eittlags og 16,4 på tolags. Her var 72 prosent av fangsten tolags og 15 prosent eittlags. Her var òg innslag av andre slag av småsild, såkalla utkast.

3500 tonn

Den totale fiskekvoten er på 3500 tonn for Hardangerfjorden i år.

Og Norges Sildesalgslag og King Oscar sardiner har forhandla om pris og fastsett den til 5,30,- per kilo ved levering til hermetikk. I fjor låg prisen på 5,55,- per kilo.

- Det kan bli opna for fiske lengre innover seinare i sesongen, fortel salsmedarbeidar ved Norges Sildesalslaget, Jan Inge Skåtøy.

Artikkeltags