Søkjer etter ingeniør

Orienterte: Rådmann Magnus Steigedal og kommunalsjef for teknisk, Helga Helleland hadde mange orienteringar å koma med under sist formannskapsmøte og heradsstyremøte. Mellom anna vart det informert om at heradet søkjer etter ny ingeniør, og om planane om omorganisering på teknisk avdeling.

Orienterte: Rådmann Magnus Steigedal og kommunalsjef for teknisk, Helga Helleland hadde mange orienteringar å koma med under sist formannskapsmøte og heradsstyremøte. Mellom anna vart det informert om at heradet søkjer etter ny ingeniør, og om planane om omorganisering på teknisk avdeling.

Artikkelen er over 2 år gammel

Ullensvang herad kjem til å lysa ut ny stilling som ingeniør for å få kapasitet til å driva investeringsprosjekt.

DEL

Stillinga vil bli lyst ut no før sommaren.

– Me har auka investeringane mykje dei siste åra, men har ikkje knytt til oss kompetanse i like stort tempo. Dermed har det blitt mykje innleige av Norconsult og andre firma dei siste åra, forklarar rådmann Magnus Steigedal.

– Korleis har de råd til ny stilling som ingeniør i desse sparekatalog-tider?

– Mykje ligg inne i prosjektrekneskapane. Stillinga vil truleg bli 70 til 80 prosent på investeringsprosjekt og kring 20 prosent på sakshandsaming, svarar rådmannen.

Nærings- og utviklingsavdeling i heradet, no teknisk, har hatt fleire ingeniørar tidlegare.

Komande investeringar

I åra som kjem vil eventuell samanslåing av Hauso og Vikebygd skule, bygging av nytt helsesenter, samt diverse mindre prosjekt verta sentrale arbeidsoppgåver for ingeniørane i kommunen.

Sjukeheimane på begge sider av fjorden òg.

– Der må me ha mykje ekstern kompetanse inn i tillegg, legg rådmannen til.

Mykje i heradet dreier seg rundt teknisk avdeling.

– Kapasiteten på teknisk er ikkje så stor. Men avdelinga pregar mykje av det som skjer i heradet. Mange spørsmål kjem inn og det er mange saker inn og ut. Slik er det med ein aldrande bygningsmasse og mange kilometer med veg, seier rådmannen.

For kring eitt år sidan tilsette teknisk ingeniør sist.

Teknisk held på med alt frå sakshandsaming og lovforvaltning, til drift og vedlikehald av heradet sine bygningar og anlegg.

Artikkeltags